Blomsterprodusent Johan Fredrik Bråstad Kristiansen frå Grimstad stakk av med sigeren om den nasjonale bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2016. For det ventar 250 000 kroner, heider og ære, skriver Innovasjon Norge i en pressemelding.

– Johan Fredrik Bråstad Kristiansen oppfyller kriteriene for prisen på ein ekstraordinær god måte; han driv ei innovativ og nyskapande verksemd med solid økonomi, med store positive ringverknader og på ein særs miljømessig berekraftig måte», seier Inger Solberg, direktør for berekraft i Innovasjon Noreg.

Saman med statsråd Jon Georg Dale stod Solberg for den høgtidlege kunngjeringa og utdelinga av prisen under ei tilstelling i ambassaden i Berlin i dag i samband med Internationale Grüne Woche.

Store ringverknader

Gartneriet produserer blomster og småplanter for blomstergartneri over heile landet. Verksemda sysselset nærare 50 årsverk, og er med det ein betydeleg arbeidsgjevar med positive ringverknader for lokalsamfunn og næringsliv. Mange av arbeidarane er utanlandske, og Kristiansen er kjent for å ha gode og ordna arbeidsforhold for alle tilsette. Kristiansen har også hatt nærare 50 praktikantar frå Ukraina gjennom eit 15 års samarbeid med landbruksuniversitet i landet.

Tøff konkurranse og kontinuerleg produktutvikling

Blomsterproduksjon er utsett for betydeleg utanlandsk konkurranse. Kristiansen driv saman med to andre gartneri selskapet G3 Ungplanter der det vert drive kontinuerleg utviklingsarbeid i samarbeid med norske og internasjonale FoU-miljø og leverandørar. Bl.a. har dei eit av dei største forsøksfelta i Europa der det kvart år vert testa ut 1500 sortar. Eit utviklingsarbeid som er heilt naudsynt for å sorts- og klimatilpasse plantemateriale med kvalitetseigenskapar som gjev norsk produksjon fortrinn og preferansar i marknaden.

Innovativ satsing på mikroalgar

Men i motsetning til skomakaren, «bliver ikke Johan Fredrik Bråstad Kristiansen kun ved sine blomster». Kristiansen har gjennom selskapet Algaeomega AS også etablert prøveproduksjon av mikroalgar. Det er bl.a. utvikla ein prototyp som kan halvere kostnaden med dyrking. Prosjektet har oppnådd «Seal of Excellence» gjennom Horizon 2020, forskings- og innovasjonsprogrammet til EU.

– I det grøne skiftet og auka satsing på bioøkonomien treng norsk landbruk og næringsliv satsande og innovative personar som Kristiansen» seier Inger Solberg, og legg til at «vi har forventningar til at satsinga på mikroalgar kan lukkast, at det kan opne seg betydelege internasjonale marknader, og at det ikkje er siste gong vi høyrer om spennande idear med stort potensial i regi av Johan Fredrik Bråstad Kristiansen.»