Reduksjon av avdrift frå bruk av plantevernmiddel er eit viktig tema i fleire europeiske land, både for å redusera miljøbelastning og for å unngå eksponering av utanforståande eller kringliggjande område. I ein del dyrkingsområde er det særleg eksponering av opent vatn som har fokus, medan det særleg i tett befolka område som Sør-Tyrol er meir fokus på å redusera eksponering av naboeigedomar, bustader og offentleg tilgjengelege område.

Tekst og bilete: Endre Bjotveit, NLR SA

Både i Noreg og ein del andre land er det først om fremst avstandskrav mot opent vatn som har vore fokus, og i dag er det difor her det finst klare reglar for bruk av ulike preparat, men Mattilsynet har også foreslått innføring av avstandskrav mot kringliggjande vegetasjon for ein del ugras- og insektmiddel, og på nyare etikettar er det innført avstandskrav mot mot «område tilgjengeleg for fastbuande og forbipasserande» for å verna desse.

I område der avstand til opent vatn er ei utfordring er avdriftsreduserande tiltak ofte kopla opp mot reduksjonar i sikkerheitsavstandar. Dette er t.d. innført i Tyskland, Nederland og dei nordiske landa. I andre land eller regionar, t.d. Sør-Tyrol er det innført generelle krav om bruk av avdriftsreduserande sprøyteteknikk ved bruk av plantevernmiddel utan at dette er kopla mot reduksjon i ulike avstandskrav.

Klassifisering av avdriftsreduserande sprøyteutstyr/-teknikkar

Bilete 1. I mange land er det no krav om å nytta injektordyser på tåkesprøyter.

I dag finst det ikkje noko felles regelverk for klassifisering av avdriftsreduserande tiltak innan EU, slik det til ein viss grad finst for funksjonstesting av sprøyteutstyr. I dei landa der det er sterkt fokus på klassifisering av utstyr (Nord-Europa) er arbeidet basert på ISO-standardar.

Den viktigaste av desse er ISO 22866:2005 Equipment for crop protection — Methods for field measurement of spray drift (Utstyr for plantevern – Metodar for feltmålingar av avdrift.).

Denne standarden definerer korleis forsøksfeltet skal plasserast, storleiken på dette, metereologiske faktorar (Vindhastigheit og -retning, temperatur), plassering av oppsamlarar for avdrift horisontalt og vertikalt, og korleis forsøka skal utførast (Minste tal repetisjonar osb.).

For å seia noko om prosentvis reduksjon av avdrift med bruk av ulike teknologiar må ein ha eit samanlikningsgrunnlag. Standarden nemner at ein må ha målingar frå eit referansesystem der ein vil ha samanliknande målingar og/eller skal klassifisera graden av avdriftsreduksjon med ulikt utstyr.

Ein annan standard, ISO 22369-1:2006 Equipment for crop protection — Drift classification of spraying equipment – Part 1: Classes (Utstyr for plantevern – Avdriftsklassifisering av sprøyteutstyr – del 1: Klassar) definerer korleis avdriftsreduksjonen skal reknast ut og kva klassar utstyret kan delast inn i (Sjå tabell 1). Nokon land deler klassifiseringa opp endå meir. Til dømes nyttar Nederland ei klassifisering på 97,5 % avdriftsreduksjon.

Tabell 1. Avdriftsreduksjonsklassar definert i ISO 22369-1:2006.

For testing av ulike dyser finst det eigne standardar. Denne testinga vert gjort i laboratorium og vert nytta som basis for å klassifisera ulike dysetypar.

Ulike samanlikningsgrunnlag i ulike land

Nokon av dei som har arbeidd mest med klassifisering av sprøyteutstyr basert på ISO 22866:2005 er Julius Kühn Institut i Tyskland og Wageningen University Research i Nederland. I begge land er det utarbeidd lister over godkjent utstyr og desse vert oppdaterte jamnleg etter kvart som nye sprøyter eller dyser vert testa.

Bilete 2. Fleire av dei vanlegaste sprøytemerka i Noreg er ikkje å finna på klassifiseringslistene i Tyskland eller Nederland.

I begge land er det utarbeidd lister for godkjende avdriftsreduserande dyser for ulik bruk, og i klassifiseringa av sprøyter er det som regel også spesifisert at det skal nyttast dyser med ei bestemt klassifisering.

Den mest omfattande testinga er gjort i Tyskland, og Julius Kühn-Institut har samla alle sine klassifiseringar i ein database som er tilgjengeleg på nett (https://daps.julius-kuehn.de/). Her er det søkbare lister over alle kategoriar av sprøyter som er testa og klassifiserte.

I Nederland har ulike avdriftsreduserande teknikkar vorte delt inn i såkalla DRT-klassar sidan 2018 (Drift Reducing Techniques). Lista over godkjende sprøyter/teknikkar vert halden oppdatert av TCT (Teknisk kommisjon for teknikkvurdering) på oppdrag frå det nederlandske departementet for infrastruktur og vatn. Nederland har også ei eiga liste over godkjende avdriftsreduserande dyser (DRD – Avdriftsreduserande dyser). Alle listene ligg tilgjengeleg på nett som pdf-filer.

Bilete 3. I Sør-Tyrol er det vanleg å finjustera luftfordelinga ved innkjøp av ny sprøyte, men er ikkje del av prøvinga til JKI.

Sjølv om begge land gjennomfører avdriftstesting etter same standard kan det vera noko variasjon i klassifiseringa ettersom samanlikningsgrunnlaga klassifiseringa er basert på er ulike. I Tyskland har JKI definert eit sett med standard referanseverdiar for avdrift basert på mange års målingar. Nederland har valt ei litt anna tilnærming, og nyttar ei bestemt sprøyte og sett med innstillingar som referansesystem (Munckhof tverrstraumssprøyte med lilla Albuz ATR-dyser, trykk på 7 bar, 540 rpm på kraftuttaket, køyrefart 6,4 km/t og væskemengde 20 l/daa). Belgia, Frankrike og Storbritannia har sine eigne referanseverdiar for avdrift som sprøytene vert vurderte i høve til. Klassifiseringar er difor ikkje direkte overførbare mellom ulike land.

Ulike avstandskrav og tekniske krav

Kva reglar som gjeld for sprøyter i ulike kategoriar kan også variera mykje mellom ulike land. Ofte er det krav om at det må stengjast for luftassistanse i retning opent vatn i eit bestemt tal rekkjer eller innanfor ein bestemt avstand. Kva sikkerheitsavstandar som er gjeldande kan også variera ein del. I dei fleste land som godtek reduserte sikkerheitsavstandar ved bruk av avdriftsreduserande utstyr kan ein bestemma gjeldande avstand ut frå klassifiseringa av utstyret og den naudsynte sikkerheitsavstand dersom ein ikkje nyttar avdriftsreduserande tiltak. I nokon tilfelle, t.d. i Sverige er det eigne tabellar for kor mykje sikkerheitsavstanden kan reduserast før og etter bløming, vindstyrke og etter kor høg dosering som vert nytta (Heil, halv eller kvart dose). Med ei sprøyte som er klassifisert som 90 eller 95 % avdriftsreduserande kan ein redusera sikkerheitsavstanden frå 28 m til høvesvis 5 eller 2 meter.

Danmark og Sverige har hatt reglar for klassifisering av avdriftsreduserande sprøyteutstyr mykje lenger enn oss, og baserer seg på dei tyske utprøvingane. I Danmark har myndigheitene laga ei eiga liste over godkjent utstyr der merke som ikkje er representerte i landet er teke ut. Sverige har også laga eigne lister gjennom prosjektet “Säkert växtskydd”, men etter at dette vart avslutta er rettleiinga flytta over til Kemikalieinspektionen sine sider, og dyrkarane forheld seg direkte til dei tyske klassifiseringane frå Julius Kühn-Institut.